-
Brukarmanual for lag og foreiningar
Det fine med istranda er at lag og organisasjonar sjølve kan oppdatere sine opplysningar.
Brukarmanual for lag og foreiningar
Det fine med istranda er at lag og organisasjonar sjølve kan oppdatere sine opplysningar.Lag og foreiningar kan oppdatere sjølve
For å oppdatere eller legge til ei kalenderoppføring må du først finne di foreining:
- Finn di foreining i søkefeltet, eller ved å bruke kategoriane i fana «foreining»
- Kvar organisasjon får ein kode som opnar for redigering
- Koden er dei siste fem tala/bokstavane i lenka du først fekk for å oppdatere
- Ta kontakt med ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no for å få ditt lag eller organisasjon sin kode
- Det kan vere lurt å ta vare på lenka ved å f.eks. bokmerke nettsida.
- I informasjonsboksen om di foreining, blir vi ekstra glade om de kan legge til relevant informasjon, som til dømes kven som er målgruppa, korleis ein kan melde seg inn, pris for medlemskap/aktivitet og liknande.
Foreiningar
Foreiningar kan oppdatere:
- Eigne opplysningar
- Bilete og logo
- Kalenderoppføringar
Du kan legge ut hendingar som skjer jamleg, som trening, øving, eller ting som skjer ein gong i blant, som dugnadar og loppemarknad.
Tips! Ver så konkret som mogleg i overskrifta slik at folk skjønar kva type arrangement det er. Oversikta viser nemleg kun overskrifta og då er det lurt å skrive noko meir enn f.eks kun – «trening».
Bilete
Vi brukar to format, som de kan bruke både som logo for di foreining og i kalenderoppføring:
- Liggande bilete 2:1 (illustrasjon på organisasjon og kalenderoppføring)
Anbefaler minimum pixel størrelse 800 x 400 - Kvadratiske bilete (logo)
anbefaler minimum pixel størrelse 100 x 100
Bileta kan justerast etter opplasting.
PS: Det er dessverre enno ikkje mogleg å legge inn bilete i sjølve tekstboksen under. Dette er noko som WIS jobbar med og vi håper kjem på plass etter kvart.