Stranda Veterinærkontor
Smådyrsklinikk i hjartet av Stranda.
Her er alle dyr velkomne, og eg strekker meg langt for å legge tilrette for ei god oppleving for deg.
Velkommen til veterinæren på Stranda! 🐾🐮🐴
📅 Opningstider & Tilgjengelegheit
🐈 Måndag: 🕒 08:00 – 16:00 Open smådyrsklinikk.
🐄 Tysdag: Stordyr / Utekjøring - smådyr ved høve
🐄 Onsdag: Stordyr / Utekjøring - smådyr ved høve
🐈 Torsdag: 🕒 10:00 – 18:00 Open smådyrsklinikk
🐄 Fredag: Stordyr / Oppfølging
📞 Ta kontakt for timebestilling eller ein hyggeleg dyre-prat!
Utanom opningstider, ring vakttelefon 47 70 50 03
Bønder ringer i innringingstid kl 08-0930,
eller send melding ved behov for rutineoppdrag eller besøk neste dag.
🏥 Tenester ved smådyrsklinikken
Kva vi tilbyr: Enkel poliklinikk, helsekontrollar, vaksinasjonar og mindre inngrep, samt naudsynt akuttbehandling og -kirurgi.
Heimebesøk: Eg kjem gjerne heim til deg for eit tillegg på 500 kr (Stranda og Hellesylt, og etter avtale for Sykkylven). Dette vere for konsultasjon eller avliving i kjende omgjevnadar.
Tryggleik: Er det behov for meir avansert utgreiing eller kirurgi, henviser vi trygt vidare til større klinikkar (t.d. i Ålesund).
🛒 Sal av fôr og utstyr
Smådyr: Eit utval av fôr frå Hill's og godbitar.
Bønder & stordyr: Fôrtilskot og diverse utstyr til gardsdrift.
Produktserie: Vi fører også Optima pH-serien!
👨⚕️ Om Dyrlegen
Utdanning: Veterinær frå Noregs Veterinærhøgskule (2025) med særleg erfaring på hest.
Bakgrunn: Agronom frå Mo og Sogn Jord- og Hagebruksskule – produksjonsdyr og landbruk ligg hjartet nært!
Måndagar og Torsdagar er også assistent Kathrine her. Ho har lang erfaring som veterinærassistent, og god erfaring med handsaming av dyr. Ho kan både klippe og hjelpe deg med val av fôr etc.
Kalender(viser inntil 20 oppføringer
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 19.09.2026 | 08:00 | 🐱 Kastreringskampanje, hokatt 🐱 1999 kr for kastrering+chip | Stranda Veterinærkontor |